Gardsgründaren

Fire ungar, 13 generasjonar, 50 gardshus og 2000 tonn mandelpotet: Men Harald Sve Bjørndal er berre så vidt i gang med livsverket.

Bilete av Harald Sve Bjørndal

Tekst: Heidi Lillebråten/Gull&Gråstein Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

På historiske Sve Gard rett sør for Vågåmo er Harald Sve Bjørndal eit levande eksempel på at gardsdrift kan utviklast til mykje meir enn kjøtt, mjølk, korn og gras. På Sve er drifta utvida med både vidgjetne mandelpoteter og brennevinsproduksjon, og både gardsmuseum og lunsjservering er på trappane.

TRETTANDE GENERASJON. Historia om garden Sve starta allereie på 1000-talet. Harald er trettande generasjon som driv garden som både har vore skysstasjon og hotell, og attpåtil har ei uopna vikinggrav på tunet. I dag er Sve blomstrande arbeidsplass for tre personar.

– Det eg brenn for er å bidra til å utvikle Vågå til å bli ein enno betre stad å bu. Skape fleire arbeidsplassar og ikkje minst; stelle godt med dei som bur her, seier Harald.

 

“No har eg vorte spritbonde og. Lagar akevitt av potet og smaksett han med krekling, einerbær og urter som vi dyrkar sjølve”

50 HUS OG FIRE UNGAR. Det gror godt på Sve.

– Vi har fire ungar. Alle med to års mellomrom, alle med fire bokstavar i alfabetet mellom kvart namn, og alle født på datoen 24. Bortsett frå sistemann da, vi bomma litt med han. Det er viktig å sette ting i system, seier Harald og skrattar.

Han har elles plass nok. Garden er på til saman 50 hus av stort og smått, nytt og gamalt.

FRÅ JORD TIL BORD. Sve Gard er mellom dei aller største på mandelpotet i Noreg. Harald leverer både til konsum og til industri som foredlar dei delikate knollane vidare. Sjølv fann han ut at det gjekk an å gjere meir ut av poteta.

– No har eg vorte spritbonde og. Lagar akevitt av potet og smaksett han med krekling, einerbær og urter som vi dyrkar sjølve.

SISTE KVILE. Det ordentlege, ekte og solide er kvalitetene Harald set mest pris på med Vågå. Sjølv har han ei historie som set fyndorda på spissen. Harald hadde ein slektning langt attende i tid som gjekk saman med nokre kompisar og gjorde urett til rett i bygda. Så hadde det seg slik at ei jente i Vågå hadde fått ein unge utan å vere godt gift. Jenta døydde og presten i bygda nekta ho den siste kvile i kristen jord på kyrkjegarden. Kompisgjengen gjekk saman, grov liket opp frå grava utanfor kyrkjeporten, tok det med seg inn på kyrkjegarden og laga ein verdig grav til jenta.

– Ordentleg, ekte og solid, oppsummerer Harald.

Kvar bur du?

– På Garden Sve. Eit par potetkast frå sentrum, men likevel landleg.

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

– Det må vere i Stuttgonglia der sauen vår går på beite og der vi sætrar. Her er det fine plassar med gamal skog, kvit mose og fenomenal utsikt.

Kva diggar du mest med Vågå?

– Den lys levande kulturhistoria!