Ja-mennesket

Murar, kjøpmann, musikar, fjellguide, skikjørar og leirskulelærar: Knut-Erik Tessnes har fire-fem jobbar og gode råd og kvalitetsutstyr til alle som vil oppleve turglede i fjellet.

 

Bilete av Knut Erik Tessnes

Å arbeide med menneske og lære dei å sette pris på naturen. Sjå dei meistre ting dei sjølve og foreldra ikkje trudde dei kom til å klare. I dette finn eg djup meining, seier Knut-Erik Tessnes.

For 22 år sidan byrja han å arbeide på Jotunfjell Leirskule i Lom. Sidan har han nytta naturen som klasserom og læringsarena.

Sjølv har han til gode å lære seg å seie nei.

 

MULTIMANNEN. Arbeidet på Leirskulen er sesongbasert, så eg fyller på med anna arbeid utanom, seier Knut-Erik.

Resultatet er den imponerande stillingstittelen lærar, musikar, murar, butikkeigar og fjellførar. Tidvis kan du sjå ja-mannen Knut-Erik kome hastande frå leirskulen oppunder Galdhøpiggen ikledd arbeidsklede og fersk murpuss på veg til bygdesenteret Vågåmo for å opne Besseggen Fjellsport for nok ein begeistra kunde.

 

SNØMANNEN. Eigentleg starta Knut-Erik Besseggen Fjellsport som eit lager for kvalitetsski han importerte frå USA. Så byrja snøballen å rulle.

– Folk ville sjå kva eg hadde på lager, så eg fekk installert ljos og fiksa litt på bua mi i sentrum av Vågåmo.

Plasseringa er optimal: Lokalisert midt mellom seks nasjonalparkar byr sjarmerande Vågåmo på ei handfull nisjebutikkar som gjer bygda til ei spanande utgangspunkt for både vandrande og handlande. Besøker du spesialbutikken til Knut-Erik finn du i dag både skiutstyr, friluftsutstyr og klede. Med brei kompetanse, stort kontaktnett og mottoet “du skal ikkje kjøpe meir utstyr, men betre utstyr” er Noregs minste fjellsportbutikk i ferd med å vekse seg stor. Nettbutikk er rett rundt hjørna, og vil du på topptur i Jotunheimen stiller Knut-Erik gjerne sjølv som skiguide. I tospann med Kjetil Villa i Lemonsjøen Alpinsenter satsar Knut-Erik og på å tilby spenstige aktiviteter høgt og lågt i leikelandet Vågå. Den raude tråden:

Du må vere praktisk anlagt som handverkar på same måte som du må vere i fjellet og i butikken, seier Knut-Erik.

“Å arbeide med menneske og lære dei å sette pris på naturen. Sjå dei meistre ting dei sjølve og foreldra ikkje trudde dei kom til å klare. I dette finn eg djup meining”

FILOSOFI SOM KNERTEN. På heimebane har Knut-Erik sambuar og to ungar, alle like aktive som familiefaren. Ungane fyller fritida med fotball, handball, kulturskule, riding og – sjølvsagt – ski.

Då eg var liten spurte eg om å få lov til å vere med på speideren. Mor mi fann fram kalenderen; Ja, men kva kveld hadde du tenkt? Alle kveldane var fylt opp med aktivitetar.

Slik er det heime hjå oss og.

Vågå har utruleg mange kveldsaktiviteter å by på, så fritidsproblem er det ingen som har.

Eg er oppteken av at ungane mine skal få prøve forskjellig og seier til ungane som Knerten; ein må aldri gi opp.

 

Kvar bur du?

Kveom, plassen med den finaste utsikta i Vågå.

 

Kva slags kvalitetar sett du mest prist på i Vågå?

Sentrumet, det er utruleg fint og innhaldsrikt – masse kvalitet i både butikkar, varetilbod og folk!

 

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

Det er så mange av dei her. Eg har kanskje ikkje vore like flink til å bruke dei ”mindre” plassane i Vågå, har heller gått på dei mange høge toppane. Så eg får heller utfordre folk til å invitere med seg andre til sine perler.

Kva diggar du mest med Vågå?

Potensialet!