Multikunstnaren

Gründer, målar, teiknar, kunstnar, tobarnsmor, kone og dagleg leiar – Mette Ragnhild Valde Damstuen har stort sett ein blyant mellom fingrane og vakre motiv i sikte.

Bilete av Mette Ragnhild Valde Damstuen

 

Mette Ragnhild har støtt budd i Vågå. Trong til å flytte frå bygda har ho aldri hatt.

Eg fann mannen min i Vågå, eg starta gründervirksomheita mi i Vågå og eg har familien min i Vågå.

Dama som har alt på eitt brett bur sjølvsagt eit steinkast frå Lugumstugu. Butikken som har alt.

 

BUTIKK MED SJEL. Dialektuttrykket Lugum betyr at noe er flott eller fint, og gjerne av god kvalitet. Butikken held tydelegvis kva namnet lovar: På dei 15 åra som har gått sidan Mette Ragnhild og ei venninne starta Lugumstugu har talet på tilsette gått frå to til heile sju.

– Vi ynskja ikkje å vere ein kjedebutikk, men tilby ein personleg og sjarmerande handleopplevelse. Inspirasjonen til å utvikle seg vidare voks i tråd med alle godorda vi fekk frå kundar.

Går du forbi dei store butikkvindauga som alltid er smakfullt dekorert opp med blomar og diverse interiør, ja så må du berre kikke inn.

Lugumstugu starta som ein blomsterbutikk, men vi har utvida tilbodet steg for steg. Det siste vi har teke inn i butikken er dameklede.

 

LEVANDE SENTRUM. Går du deg ei runde i butikken ser du fort at dei lugume jentene har noko for både auga, kropp og gane og. Lukta av sjokolade, nysteikt gjærbakst frå Bakeriet i Lom, nykverna te og kaffi brer seg i butikklokala. Jentene er rause til å fylle opp skåla for prøvesmaking.

“Lukta av sjokolade, nysteikt gjærbakst frå Bakeriet i Lom, nykverna te og kaffi brer seg i butikklokala. Jentene er rause til å fylle opp skåla for prøvesmaking”

Vi var langt på veg til å starte nettbutikk, men slo det frå oss. Ynskje om å få kundane inn i butikken og vakre og levande Vågåmo sentrum var større enn å kunne tene litt meir sjølve.

Målet deira er å lokke fleir folk til Lugumstugu og bygda.

 

KUNSTNARSPIRE. Mette Ragnhild har støtt likt å teikne og måle.

Draumen er å utvikle kreativiteten min enno meir og drive meir med både teikning og måling. Ynskjet er å få tid nok til å måle på bestilling.

Teikningane og akvarellmåleria Mette Ragnhild lagar, prydar mang ein vegg i bygda. Alle korta dei sel i butikken vil framover vere handteikna av den lugume gründaren.

 

Kva slags kvalitetar sett du mest pris på i Vågå?

At livet er roleg og godt her, og at du kan gå ut av døra å velja i flust av turalternativ anten du bur i eller utanfor sentrum.

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

”Brygga” ved hytta vår på Lemonsjøen!

Kva diggar du mest med Vågå?

Sentrumet her som er så tett, levande, innhaldsrikt å triveleg.