Naturbarnet

Eigenproduserte skinnklede, dreads, garveri og systue. Åleinemor, verdsborgar og snowboardkjører: Sofie Kleppe ler godt av det rolege livet på bygda.

Tekst: Heidi Lillebråten/Gull&Gråstein Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

 

Sofie tok med seg dei to borna sine og flytta frå Finland då ho mista mannen sin i ei motorsykkelulykke. I kulturhovudstaden Vågå har ho starta sitt eiga tradisjonsgarveri. Jutulskinn held til i det gamle bakeriet midt i sentrum. Her finn du ei smilande jenta iført eigenproduserte skinnklede og dreads.

– Her har eg systue og utsal av tradisjonelle skinnprodukt frå garveriet. Eg lagar det du måtte ynskje av skinn. Rekonstruerer klede, bruksgjen“Livet dei levde her var noko av det som lokka meg til bygda. Ungane var forgapt frå fyrste sekund. Dei peika ut glaset mot Jotunheimen og utbraut: “Sjå, der er snøfjella!””standar og lager moderne skinnprodukt med tradisjonelle metodar, fortel Sofie.

Kundane kjem frå heile verda.

“Livet dei levde her var noko av det som lokka meg til bygda. Ungane var forgapt frå fyrste sekund. Dei peika ut glaset mot Jotunheimen og utbraut: “Sjå, der er snøfjella!”

 

REINENS RIKE. Med meisterbrev innan tradisjonell garving frå Finland er Sofie den einaste innan sitt fag i Norge. At ho slo seg ned i Vågå er alt anna enn tilfeldig.

– Våga har Jotunheimen, tamrein og stor tilgang til vakre skinn frå ei mengd dyr. Etikken til dyra er viktig for meg og eg er oppteken av at skinnet blir tilberedt til ære for dyret.

I produksjonen brukar Sofie skinn som skal kastast og skinn ho får frå jegarar. Skinna kjem frå dyr i og rundt Jotunheimen.

– Eg samarbeider tett med Vågå tamrein. Eg får mange av skinna mine frå reinsgjetarane, mot at eg lærer dei korleis dei skal behandle skinnet slik at dei skal få meir for det.

FJELLBYGD I VERDSTOPPEN. Då ho vart enke kjende Sofie sterkt på at ho ville bu nær fjella og naturen. Ho ynskja at ungane skulle få vekse opp med naturen som næraste nabo.

– Eg hadde eit venepar som alt hadde reist frå bylivet og busett seg i Vågå. Livet dei levde her i fjellbygda var noko av det som lokka meg. Ungane var forgapt frå fyrste sekund. Dei peika ut glaset mot Jotunheimen og utbraut: “Sjå, der er snøfjella!”

SKIMEKKA. Sofie har stor interesse av snowboard og slalåm, og ungane hennar er om mogleg enno meir hekta.

– Vågå har eit enormt pluss med det unike skianlegget Lemonsjøen tett ved bygda. Miljøet der er ekstremt inkluderande. Dette var også ein viktig grunn til at eg flytte hit. Tenk, vesle Vågå har fleire skikjørarar i verdstoppen – er ikkje det kult, så veit ikkje eg!

Vågåvatnet og Vanglandet er og stader Sofie nyttar flittig.

– Eg har kano, så eg sett stor pris på å ha vatnet så nære. Ein fin sommardag i kano på Vågåvatnet med høgfjell og kulturlandskap på alle hald kan ta pusten frå ein.

 

Kvar bur du?

– På Ullinsvin, den historiske prestegarden i Vågå.

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

– Det må bli Ruphøe. Ein av mine favoritt-turar.

Kva diggar du mest med Vågå?

– Lemonsjøen alpinsenter!