Sprellemannen

Slalåm, telemark, snowboard og frikøyring i verdstoppen: Nokon er født med ski på beina – Torgrim Vole er født med ski i høgste lufta.

Bilete av Torgrim Vole

 

Googlar du Torgrim Vole finn du videoar og bilete som viser at livet hans ikkje akkurat har vore A4. No har frikøyringsstjerna med fortid i den absolutte verdstoppen sett nok ei fjellstø landing: Flytt heim til Vågå, kjøpt seg hus og starta snikkerversemda Vågå Bygg.

– Planen min var ikkje å flytte attende til Vågå. Eg har vel eigentleg aldri hatt nokon plan. Sivilstatusen min endra seg brått og eg pakka kofferten å flytte frå Oslo.

“Det eg diggar aller mest med Vågå er at ting er så lettvint her. Easy living!”

I VERDSTOPPEN. Som 4-5 åring vart Torgrim lagt inn på sjukehuset med streptokokkar.

– Det var faktisk der karriera mi som frikøyrar starta. Far min kom på sjukebesøk og gåva han hadde med seg var eit par slalåmski.

Med ein friluftsinteressert far vart Torgrim lokka med på mange skiturar.

– Eg hadde inga interesse i gå på ski, men far min putta slalåmskia mine i sekken og drog meg med. Det var nok han som vekte interessa i å køyre ned bratte fjellsider.”

 

Skimiljøet på Lemonsjøen må og få ein del av ære for at Torgrim vart så rå.

– Kjetil som driv skisenteret inkluderte oss inn i planlegginga av bakken og hoppa. Kom vi med eit ynskje, så fiksa Kjetil det. Men berre dobbelt så stort.

Torgrim fortel at skimiljøet på Lemonsjøen er heilt unikt. Ser du på resultatlistene i Noreg og verda generelt, utmerker vesle Vågå seg sterkt.

– Frå vi var heilt små har vi støtt køyrd saman med forbilda våre, og slik er det i den dag i dag. Dei minste er heilt råe på ski, det hendar vi må seie frå til dei at dei kanskje skal få nokre år til på baken før dei prøver seg på dei råaste triksa og dei største hoppa.

 

SLAG I SLAG. I 14 årsalderen byrja Torgrim å konkurrere. Fyrste konkurransa var Norgescupen i fjelltelemark.

– På telemark køyrde eg Galdhøpiggrennet og Alperittet, men karrieren vart stutt. Eg fekk liksom ikkje sving på skia.

I Hemsedal i 2005 starta Torgrim med det som verda kjenner han for: Frikøyringa.

– Vi pakka opp bilen og reiste i retning Hemsedal. Då vi kom til Kvam tenkte vi å snu. Eg og kompisen min Jørgen meinte vi ikkje hadde noko der å gjere.

Men dei hamna i Hemsedal. I bagasjen heim att hadde Torgrim seier i finala og Jørgen seier i superfinala. Derifrå gjekk skikøyringa bokstaveleg tala berre slag i slag.

 

Etter mange år hengande opp ned på ski, utrulege konkurranser, blåveisar, beinbrot, fall, skuffelsar og sigrar, set Torgrim tre konkurransar høgare enn alle andre.

– Andreplassen i World Tour set eg nok høgst av alle, deretter fyrste gongen eg vann i Røldal Freeride Challenge og den gongen eg som junior vart nummer to i seniorklassa på Galdhøpiggrennet.

 

BACKFLIPP TIL HAMMAR. Etter mange år med konkurranse og mykje reising, har Torgrim no bytt ut dei største backflippane med hammar og spiker.

– Med tre ansatte må eg prioritere litt annleis enn før. Eg har så utruleg flinke folk i arbeid som har godt rykte på seg, så nye oppdrag kjem av seg sjølv.

Torgrim tek på seg alt får nybygg til restaurering og har i dag prosjekt frå Vågå til Oslo. Men aller best trivs han framleis i snøskavlane heime på Lemonsjøen.

Kva kvaliteter sett du mest prist på i Vågå?

– At det er så bra og sunt miljø her. Og naturen naturlegvis. Det bur ein jeger og fiskar i meg, men med eige firma har det vorte nedprioritert.

 

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

– Hyttberget. Med utsikt over Vågå – vakraste bygda i verda!

 

Kva diggar du mest med Vågå?

– At ting er så lettvint her. Easy living!