Lærling – IKT Service – Vågå Kommune

Opplæringskontoret Gudbrandsdalen skal arbeide for å gje lærlingane eit godt fagleg tilbod fram mot fagprøve/svenneprøve. Utover det skal kontoret og medlemsbedriftene leggje til rette for at lærlingane får kunnskap om lokal natur og kultur, og gjennom dette skape eit godt ungdomsmiljø på tvers av fagområder. Lærlingkontoret er godkjent som lærebedrift (som opplæringskontor i høve til Opplæringslova) i Oppland. Lærlingkontoret skal arbeide for å auke tilgangen på kvalifisert arbeidskraft, heve kompetansenivået og auke statusen til lærlingar og bedrifter.

Det kan bli aktuelt med lærlingplass innanfor IKT Service med oppstart hausten 2018.

Oppdragsgjevar:  Vågå Kommune

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og software, i tillegg til brukarstøtte og service. Som IKT-servicemedarbeidar jobbar du med drift og brukarstøtte, opplæring og rådgjevning i samband med arbeidsplassen si IKT-løysing og IKT-infrastruktur.

For meir informasjon kontakt lærlingkontoret Gudbrandsdalen