Lærling – Reiseliv

Opplæringskontoret Gudbrandsdalen skal arbeide for å gje lærlingane eit godt fagleg tilbod fram mot fagprøve/svenneprøve. Utover det skal kontoret og medlemsbedriftene leggje til rette for at lærlingane får kunnskap om lokal natur og kultur, og gjennom dette skape eit godt ungdomsmiljø på tvers av fagområder. Lærlingkontoret er godkjent som lærebedrift (som opplæringskontor i høve til Opplæringslova) i Oppland. Lærlingkontoret skal arbeide for å auke tilgangen på kvalifisert arbeidskraft, heve kompetansenivået og auke statusen til lærlingar og bedrifter.

Vi søkjer lærling innanfor reiseliv

Du lærer om kundebehandling, service, salg, markedsføring, utvikling av reiselivsprodukt, transport og transportformidling.

 

Oppdragsgiver: Rondane Høyfjellshotell, Gjendesheim Turisthytte, Bessheim Fjellstue

 

 

For meir informasjon kontakt Lærlingkontoret Gudbrandsdalen