Lærlinger kokk- og bakerfaget

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi, i samarbeid med reiselivsbedrifter i Jotunheimen. Vi tilbyr læreplassar i kokk- og bakerfaget. Bedriftene har eit nært samarbeid, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene.

Det blir arrangert kurs og samlingar, det blir også organisert utflukter i naturen, og av og til studieturar. Arne Brimi på Vianvang og vertskap på dei andre bedriftene tilbyr ei innhaldsrik læretid med basis i kunnskap om råvarer og historie, kultur og samanhengar i naturen.

Opplæringskontoret Brimikjøken har ledige læreplassar i kokk- og bakerfaget frå sommaren.

Oppdagsgivere;

  • Bakeriet i Lom
  • Bessheim Fjellstue
  • Brimi Fjellstugu
  • Nye Brimi Bue og Vianvang
  • Hindsæter
  • Lemonsjø Fjellstue
  • Thon Hotel Otta