Sommarjobb i pulserande Lom

Folkeglad servitør

BrimiBue opna i juni 2017, og er ein restaurant midt i Lom sentrum. Vi har 85 sitteplassar inne, og 40 ute. I tillegg har vi ein liten butikk der vi sel heimelaga matvarar, te kaffe og liknande. I løpet av sommaren/hausten opnar vi hotell i 2. etasje.

Vi ynskjer oss engasjerte og ansvarsfulle servitører til restauranten vår. Som servitør hjå oss vil du ha varierte vaktar, med både a la carte og meny, tidleg og seint. Du vil jobbe annankvar helg, og sjølvsagt ha fri to dagar kvar veke. Jobben kan vera ganske travel, så det er nødvendig å kunne takle ein hektisk kvardag. Du bør vera over 18 år.
Tidlegare erfaring frå bransja er ikkje eit krav, men er sjølvsagt eit pluss.

Vi er fleksible når det kjem til startdato, og tek sjølvsagt hensyn til eksamnar og liknande.

Velkomen til å søke jobb i eit ungt miljø midt i Lom sentrum.
Vi gler oss til å høyre frå deg :)