Vi søker frokostvert/vertinne

Fristar det med tidlege morgonar på arbeid og lange kveldar heime med familien?
Da kan du vera den rette for oss!

 

BrimiBue opnar nytt hotell, og treng difor ein frukostvert eller vertinne.

Stillinga inneber at du sjølvasagt er den fyrste gjestane våre møter om morgonen, gjerne med ein kaffekopp og eit smil! Du skal ha ansvaret for frukosten, også forberedningar og produksjon.

Du får:

- Arbeid fem dagar i veka

- Fri annakvar helg

- Ein triveleg gjeng å arbeide saman med

- Jobbe i ei bedrift i utvikling

 

Du bør:

-  Vera serviceinnstilt og kundeorientert

-  Vera kreativ og utadvendt

- Vera god i norsk og engelsk

- Vere over 18 år

- Kjøkenerfaring er eit stort pluss, men kokkefagbrev er ikkje eit krav

 

Vi ser fram til å høyre frå deg!