Det gode liv - Våg å leve

Eit verdival

Kva ønskjer du deg meir av i kvardagen?
Tid? Samvær med familien? Opplevingar?

Våg å leve

Å flytte frå byen til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.

Les ordførar Iselin sin inspirerte fjellpreken.

Vågåblågg

I Vågå bor mange tidlegare byfolk som har fløtt til fjellbygda for å dyrke familien, (frilufts)livet og nokre hardføre grønnsaker. 

Les dønn herlege statusrapportar frå Bygda 2.0!

Ny i Vågå?

Er du ny i bygda? Send ein e-post eller slå på tråden til bygdeambassadør Tora. Vågå har mange entusiastar som meir enn gjerne tek deg med på aktivitetar og gir dei ei innføring som gjer det lett for deg å leve det gode bygdelivet. Poenget er å gi deg nokre fleire kjente fjes i kommunen, rett og slett la deg koma «under huda» på bygda raskare enn du elles ville gjort. Vi ser fram til å bli kjende med deg – og gjere deg kjend med bygda!