“Skulle ønskje eg
vaks opp på
ein slik stad.”
Hedvig Wessel, skistjerne
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-3-2-1-1024x683.jpg)
Din draum – vår kvardag
Å flytte til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen. Eit høgst levande sentrum med nisjebutikkar, kvalitetskafear og sambygdingar i triveleg prat i gatebildet har vi og. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/IMG_3479-1-768x576.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/hvitt_gull-768x432.jpg)
Oppveksteldoradoet
Jau då, flatskjermar finns og i Vågå – men eventyra utandørs er så mykje meir spanande. Ved middagsbordet fortel ungane om geitekillingane dei har klappa, auren dei lurte i bekken – og har det brenntravelt med å kome seg ut att i akebakken eller den råaste sykkelparken i landet. Vi vågar veddemålet: Vågå er den mest aktive bygda i Noreg.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-24-1024x683.jpg)
Gründerbygda
Her innst i oljeskuggen treng du ikkje frykte nedskjæring og utflagging: I blomstrande Vågå finns knapt nok arbeidslause – og vi legg meir enn gjerne til rette om du vil starte opp for deg sjølv. Nystarta gründerkollektiv i kraftig vekst med masse kreativ spisskompetanse er på plass.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
Friluftsliv i verdsklasse
Rundt deg spinn verda stadig raskare, men det er framleis mogleg å tøyle farta i eige liv. Hoppe av hardkjøret, til eit tilvære fylt med djupare (og høgare!) meining. Her midt mellom Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, er vi bortskjemde med friluftsliv i absolutt verdsklasse, fire fantastiske årstider og sjølvsagt: God gamaldags vinter.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-8678-1-768x554.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-32-1024x683.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-3-1-1024x683.jpg)
Verdivalet
I Vågå vassar vi i kvalitet frå aller øvste hylle. Her bur du midt i matfatet, toppa av ei mengd lokale matprodusentar. Her vaknar du midt i kulturskatten, med lys levande tradisjonskultur innanfor handverk, musikk, dans. Her er du ein del av eventyret – i bygda med flest verna tømmerhus og praktgardar i landet. Aller best: Her blir du verdsett, fordi du er med å utvikle bygda vidare.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/Foto-Kristoffer-M_C3_A6le-Thuestad-7-3-1.jpg)
Tumleplassen
Å slå rot og finne sin plass i Vågå er lett – av di så mange har gjordt det før deg. Her finn du raskt mange likesinna, anten dei har budd i Vågå heile livet eller fløtt hit med familien. Eit enormt aktivitetstilbod, levande og kompakt sentrum og godlynte bygdefolk gjer Vågå til ei bygd der det er superartig å vekse opp, stimulerande å vere vaksen og godt å bli gamal.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
Magneten
Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg har verdsattraksjonen gitt lokalt reiseliv eit kraftig lyft – og nye tilbod og aktivitetar skyt opp kvar sesong. Andre reisande valfartar til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, dei unike nasjonalparkane – og akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg.
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/IMG_3529-e1482324263368.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Logo-V-150x150.jpg)
![](http://vågåleve.no/wp-content/uploads/2017/07/Sentrum-Iselin-Jonassen-Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad.jpg)
Vågå på 1,2,3
- Snaut 3600 livsnytarar busett i hjarta av Fjell-Noreg.
- Krinsa av fem nasjonalparkar – mellom anna Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell.
- Blomstrande reiseliv, handel, industri og kreative verksemder.
- Full barnehagedekning – med musikkbarnehage, gards-og naturbarnehage og sentrumsbarnehage.
- Barneskule og ungdomsskule i bygda, og ein halvtime til to vidaregåande skular.
- Særs aktivt kulturliv og masse idrettstilbod – inkludert landets trivelegaste alpinanlegg.
- Knusktørt innlandsklima med gamaldags snøvinter og varme somar.