Kontakt

Vil du kontakte nokon i Vågå? Prøv bygdeambassadør Tora Sandbu, eller næringskoordinator Live Brimi.
Ta kontakt med Servicetorget eller sjå oversikta over tilsette for Vågå Kommune.

Vegen til Vågå

Fjellbygda Vågå ligg midt i smørauget av norske fjell og dalar – med kort veg til Vestlandet og god kommunikasjon til sentrale Austland

  • Bil: 4 timar til Oslo, ein halvtime kjappare til Trondheim
  • Buss: Ekspressruter til Vestlandet og sentrale Austlandet.
  • Tog: Otta togstasjon ligg 25 minutt unna.
  • Fly: 3,5 timar til Gardermoen med bil eller tog.

Vågå på 1,2,3

  • Snaut 4000 livsnytarar busett i hjarta av Fjell-Noreg.
  • Krinsa av fem nasjonalparkar – mellom anna Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell.
  • Blomstrande reiseliv, handel, industri og kreative verksemder.
  • Full barnehagedekning – med musikkbarnehage, gards-og naturbarnehage og sentrumsbarnehage.
  • Barneskule og ungdomsskule i bygda, og ein halvtime til to vidaregåande skular.
  • Særs aktivt kulturliv og masse idrettstilbod – inkludert landets trivelegaste alpinanlegg.
  • Knusktørt innlandsklima med gode, gamaldagse snøvinter og varme somrer.

Møt din bygdeguide

Sigurd Rønningen

Nyfrelst vagver som etter mange år som bymann leita Sør-Noreg rundt før valet falt på Vågå. Med kone frå Stavanger og tre små ungar er Sigurd mannen å snakke med om du føler spranget frå byen er ekstremt: «Det ekstreme er å bli buande i byen!»

Møt din bygdeguide

Marius Haugaløkken

Turistvert, livsnytar, tobarnsfar, gründar og gledesspreiar: Marius er den perfekte sparringspartnar om du er på jakt etter livskvalitet frå øvste hylle – og eit spenstig reiselivsprosjekt eller to å kaste deg over.

Møt din bygdeguide

Tora Sandbu

Firebarnsmor, næringsutviklar, informasjonsbank og nær allvitande kontaktpunkt: Tora har ei lang rekke nyinnfløtte bygdefolk på «samvitet» – og vil gjerne gjere lista enno lengre ved å svare på dine fråger.