Skular

I Vågåmo sentrum finn du på rad og rekke framifrå barneskule, ungdomsskule og barnehage med fulle årstrinn. I tillegg finn du barneskule på Lalm og vidaregåande skular i tre nabobygder. Vi vågar påstanden: I Vågå finn du det beste skuletilbodet i Bygde-Noreg!

Vågåmo skule (1.-7. trinn)

Barneskulen i Vågåmo har alt du kan ønskje deg av ein skule – og enno mykje meir. I vårt hovud er den beste skulegangen ein som gir elevane optimale moglegheiter til å utvikle seg og lære på mange arenaer. Pedagogikken står i sentrum for alt vi gjer, og i vårt moderne skulebygg blir læring kobla med IKT-løysingar for vår tid. Alle elevar får tildelt eige PC fyrste skuledag. Uteområdet vårt er læringsarena i seg sjølv. Her boltrar elevane seg i bakkar, skulpturar og leikeapparat som stimulerar både fysikken og fantasien. Vinterstid islegg vi ishockeybane inne på skulegarden, og oppkjørt langrennsløype og råaste sykkel- og skateparken i Skule-Noreg har vi rett utanfor gjerdet. I gangavstand frå skulen ligg framifrå friområder, idretts- og kulturtilbod.

Vågå ungdomsskule (8.-10. trinn)

Ungdomsskulen i Vågåmo har fulle klasser(Alternativt: to klasser på kvart trinn) og elevar som er særs aktive innan idrett, kultur, lag og foreiningar. I vårt hovud er den beste skulegangen ein som gir elevane optimale moglegheiter til å utvikle seg og lære på mange arenaer. Pedagogikken står i sentrum for alt vi gjer, støtta opp av IKT-løysingar for vår tid. Skulen ligg vegg i vegg med barneskule og barnehage sentralt plassert i Vågåmo med fantastiske friområder, idretts- og kulturtilbod i gåavstand. Her ligg absolutt alt til rette for ei aktiv og lærerik oppvekst!

Lalm skule (1.-7.trinn)

Trivelege og intime Lalm skule har eit eventyrleg uteområde midt i eit særs engasjert og aktivt lokalsamfunn. Her er barnehage, samfunnshus, daglegvare, industriområde, sykkelbutikk – og ein triveleg barneskule. Vi har ljosløype tvers gjennom skulegarden, flott ballbinge, handballbane, fotballbane, klatrestativ, husker, fin akebakke og mykje meir. Kort avstand til idrettsplass, lavvo og gapahuk. Vi disponerer og det lokale samfunnshuset så mykje vi vil. Sjølv ishockeybane av høg standard har vi rett utanfor gjerdet! God skulegang gir elevane optimale moglegheiter til å utvikle seg og lære på mange arenaer. Pedagogikken står i sentrum for alt vi gjer, støtta opp av IKT-løysingar for vår tid. Alle elevar får eigen PC fyrste skuledag.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

I Vågå sine nabobygder finn du tre vidaregåande avdelingar med breitt tilbod av studieretningar. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er meir enn ein arena for undervisning og læring. Ekskursjonar, verskapsdagar i Nasjonalparkriket, utplassering i bedrifter og elevutveksling med andre land i Europa er òg viktig. Skulen rustar deg for framtida ved å vera miljømedvitne, bruke moderne teknologi og samarbeide internasjonalt. Som elev hos oss opplever du å bli stilt krav til og bli tatt på alvor, du får faglege utfordringar, lever og lærer i eit trygt skulemiljø. Med andre ord: Vi ønskjer at du som elev skal oppleve både trivsel, meistring og utfordringar på ditt nivå.

  • Avdeling Otta: 25 min.
  • Avdeling Lom: 25 min.
  • Avdeling Dombås: 40 min.
  • www.n-g.vgs.no