Grender i Vågå- Våg å leve

Grender i Vågå kommune

I Vågå ligg mange livlige grender som alle har sine særpreg og kvaliteter. Her er din vegvisar til dei alle.


Andre grender:

Vågåmo sentrum

Vågåmo

Vågåmo

Kommunesenteret der tilboda ligg på rekke og rad i dei gamle og godt ivaretekne husa. Her finn du sjarmerande nisjebutikkar av mange slag. Butikk- og kafévindauga er vakkert pynta, arbeidsplassane er mange og den gamle stavkyrkja er midtpunktet i sentrum. Berre eit steinkast frå kyrkjebolken finn du skular, barnehage og ein idrettshall med yrande liv dagen lang. Den råaste sykkel- og aktivitetsparken i Noreg er ein populær arena for barn og unge.

Tilbod:
Butikkar, hotell, bank, kyrkje, skular, barnehagar, kommunehus, bibliotek, kulturhus, gründerfelleskap, næringshage, aktivitetspark, idrettsanlegg, campingplass, skysstasjon, boligfelt.

Folk:
2000 innbyggjarar

Tessand

Tessand

Nokre kilometer vest for Vågåmo sentrum, i retning Lom, finn du den vesle grenda Tessand. Dei gamle verneverdige gardane og Vågåvatnet prydar grenda som har fantastiske fjell- og friluftsområder rett opp bakken. Grenda har eit lite og intimt sentrum der du finn barnehage, byggefirma og blomstrande skilt- og skigardsverksemd(!) Den kjende restauranten Vianvang til Arne Brimi, langrennsanlegget Mån og alpinsenteret Lemonsjøen finn du på fjellet på oversida av Tessand.
Tilbod:
Grendehus og boligfelt.

Folk:
150 innbyggjarar

randsverk

Randsverk

Randsverk

Sjølve porten til Jotunheimen og med leikeplassen Lemonsjøen som næraste nabo! På Randsverk kryr det av godbitar for deg som likar å vere ute i naturen anten på føtene, på ski, på hesteryggen eller med fiskestanga i handa. Her finn du ein liten fjellbutikk, campingplass, serveringsstader og skianlegg for både nedover- og bortoverski - samt den einaste baristabudeia i Landet. Her kan du nyte den nytrekte kaffien med heimelaga biteti - eller få spa-massasje med kaffigrut i gamle trehus med utsyn over fjellheimen.

Folk:
70 innbyggjarar
Tilbod:
Boligfelt

sjårdalen

Sjårdalen

Sjårdalen

Tek du bilen å køyrer baksidevegen istaden for riksvegen mot Lalm, vidar den vakre grenda Sjårdalen seg ut i et storstilt panorama. I Sjårdalen er idrettsmiljøet stort, samhaldet sterkt og dugnadsånda lys levande. Her finn du både ein idrettsplass, ljosløype og grendahus. Du finn også eit gardshotell, fleire verneverdige hus og gardar samt ein spenstig smed her.

Folk:
200 innbyggjarar

Tilbod:
Bolig- og landbruksområde med grendehus.

Nordherad om somaren

Nordherad

Nordherad

På solsida på veg mot Lom finn du smellvakre Nordherad i eit kulturlandskap så unikt at det er verna av staten. Kvart eit hus i denne grenda har utsikt utover det grøne Vågåvatnet og innover mot Jotunheimen. Lev du med ein liten småbrukar i magen, er dette rette plassen å realisere draumen om det grøne skiftet. I Norherad, som i alle dei andre grendane i Vågå, finn du og eit grendahus og fantastisk tur-, bær- og jaktterreng.

Folk:
200 innbyggjarar
Tilbod:
Bolig- og landbruksområde med grendehus.

Lalm sentrum

Lalm

Lalm

Lalm ligg sentralt plassert midt mellom Vågå og Otta. Ein liten tettstad med eit enormt aktivitetsnivå og mange tilbod. Her finn du både, hockey- og curlingbane, lysløype, idrettsbane, barnehage og skule. På Lalm er dugnadsånda stor og det meste er bygd opp kring dette. Lalm har eit framifrå korpsmiljø, unik sykkelbutikk og eit industriområde tilrettelagt for verksemder i oppstartsfasa.

Tilbod:
Daglegvare, sykkelverkstad og -butikk, overnatting, barneskule, barnehage, grendahus, idrettsanlegg, ishockeybane, curling, lysløype, industriområde, boligfelt.

Folk:
350 innbyggjarar

Skogbygda/Skårvangen

Skogbygda og Skårvangen

Den høgstliggande grenda i Vågå med garden Skjerstuen på drøye 800 meter over havet som bygda sin høgstliggande. Her finn du eit rikt sæterliv og ein storslott natur med Finndalen som eit smellvakkert utgangspunkt for både tur, fiske og båt/kanoliv. I Skårvangen beiter villreinen like oppi høgda, og i Skogbygda ligg ei særs aktivt grendahus med skytebane, leikestativ og fotballbane. Er du interessert i jakt har du komen til rette flekken på jord!

Folk:
100 innbyggjarar

Tilbod:
Landbruksområde, grendahus, friluftsliv.