Barnehagar

Barnehagane i Vågå er – bokstaveleg talt – i Noregstoppen. Kompetansa er høg, naturen eventyrleg, omgjevnadene storslåtte og aktivitetsnivået deretter. Og du er sjølvsagt garantert plass.

Søre Grindstugu 0-6 år

Søre Grindstugu er sentrumsbarnehagen i Vågåmo med eit mål å bli glad av: “Barn sitt beste!”. Næraste naboar er to skuler som vi har tett og god omgang med, idretthall, symjehall og kulturhuset. I nærområdet ligg mange fine turstigar, og strandsona ved Vågåvatnet med gapahuk og friarealet i Dompe er mykje nytta av ungar og vaksne. Her har vi stutt veg for å banke på sjå trollet Jutul’n som held til bak Jutulporten! Ved Vågåvatnet har vi vår eigen eventyrskog og gapahuk som er mykje brukt, og om vinteren blir det køyrt opp populære skiløyper på jordet ved barnehagen. Barnehagen har flott uteområde og gangavstand til sentrum med masse aktivitetstilbod.

Tytingen gards- og
naturbarnehage 0-6 år

På Tytingen luktar det fjos i barnehagen. Og barnehage i fjoset. Her ventar aktive dagar for både små og store, to- og firbeinte. Tytingen er ein del av tunet på storgarden Klones og har tilgang til sauefjos, grisebinge og stall. Barnehagen held sjølve kaninar og høner, og har hyppig tilgang på hestar og hund. Tytingen vektlegg tre element: Garden og dyra, naturen og friluftsliv og frå jord til bord. Vi legg vi stor vekt på tradisjonar, kontakt på tvers av generasjonar og nærmiljøet. Vakre Vågåvatnet og Klonesodden ligg ein liten rusletur nedanfor barnehagen, og i skogen har vi gapahukar og mange prosjekt.

Trudelutten 0-3 år

Livet er smått magisk på Trudelutten, med vakre toner og formar som ramme rundt dagen for dei aller minste. Privatbarnehagen Trudelutten vart starta opp for å gje småbarn opp til tre år tilbod om eit trygt og lite barnehagemiljø. Vi legg sterk vekt på musikk og estetikk. Vi har jobba mykje med “magiske samlingsstunder”, noko vi har gode erfaringar med. Vi har stor tru på og arbeide slik, fordi det aktiverer heile sanseregisteret hjå ungane. Både lokala og uteområdet held svært god standard. Barn kan gå på Trudelutten ut barnehageåret dei fyller 3 år.

Lalm barnehage 0-6 år

Ei drøy mil aust for Vågåmo ligg Lalm barnehage i ei særs aktiv grend med skule, samfunnshus, daglegvare og eit fantastisk uteområde. Vi held til midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype tvers gjennom tunet, stor og flott ballbinge, handball- og fotballbaner, klatrestativ, husker, fin akebakke og kort avstand til idrettsplass, lavvo og gapahuk. Vi disponerer også det lokale samfunnshuset. Barnehagen ligg under same tak som barneskulen og samarbeider godt med dei – noko som lettar skulestarten for dei små. Samværet lettar overgangen frå barnehagen til skulen for ungane.