Ledige stillinger - Våg å leve

Stillingsslepp Vågå, Lom og Sel

Har du det i deg?

Aktive stillingsutlysinger

PS: Søknadsfristene må dobbeltsjekkes på NAV sine sider

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss viss du er på jakt etter jobb i Vågå, Lom eller Otta. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, difor er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vågå og omland!
Send epost

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vågå, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
Send epost

Gründer i Vågå

Her innst i oljeskyggen treng du ikkje frykte nedskjæring og utflagging: I blomstrande Vågå finns knapt nok arbeidslause – og vi legg meir enn gjerne til rette om du vil starte opp for deg sjølv. Nystarta gründerkollektiv i kraftig vekst med masse kreativ spisskompetanse er på plass, og til våren opnar veksthus for produksjonsverksemder i oppstartsfasa opnar til våren.
Send epost

Har du kompetansa så finn Veksthuset jobben.

Veksthuset Rekruttering på Otta har til ei kvar tid ledige stillingar så sant rette kompetansa melder seg. Veksthuset headhunter og kandidatar til stillingar som ikkje blir lyst ut, og er stadig i kontakt med med både arbeidsgivarar og folk på utkikk etter jobb i samband med flytting til dalen. Sjekk www.vhr.no og ta kontakt.