Baristabudeia

Småbarnsmor, gründer, lærer og budeie – sjølvsagt må Anne-Mari Sandvær servere fyrsteklasses espresso for å få dagane til å gå opp.

Akkompagnert av ein trillande latter er det på Kalven Seter at dei fleste treff på Anne-Mari. Kjærleiken førte gründeren til Vågå og i dag har ho fingrene fulle som småbarnsmor, lærar – og bak espressomaskina 900 meter over havet som Noreg si einaste baristabudeie.

SKULLE LEVD FOR 200 ÅR SIDAN. Då Anne-Mari og mannen Øystein kjøpte garden Kviten med vidt utstyn over Vågåvatnet, følgde setra Kalven i vasskanten like ved Lemonsjøen Alpinsenter med.

Det er noko heilt særskild med gamle hus. Ei eigen ro. Eg skulle nok eigentleg levd for 200 år sidan, seier Anne-Mari.

I tospann med mannen Øystein bretta ho opp armane og byrja restaureringa av setra i 2005. Då var det at ideen om urban kaffebar der som ingen skulle tru at nokon kunne stave cappuccino vakna til live.  

CAPPUCHINO OG KAFFIGRUT. Vi ynskja liv og røre på setra og ville lage ein samlingstad for hyttefolket, seier Anne-Mari.

Når du nærmar deg dei trivelege tømmerhusa kan du kjenne kaffelukta krydre den friske fjellufta. Bak disken finn du baristabudeia Anne-Mari. Ho tryllar fram ypperleg kaffe av ferske råvarer frå Solberg & Hansen. Attåt serverer ho heimelaga biteti – og ein latter så trillande at det er fort gjort å tinge ein rømmevaffel til.

ENERGIKAMPEN. I eit av husa på setertunet har baristabudeia laga fjell-spa. Her tilbyr ho sjølvsagt kaffe-skrubb, kaffe-spa og klassisk massasje. I dag nyttar Anne-Mari all kaffigruten som ho tidlegare kasta i kaffe-spaet.

Her kan du ligge å sjå utover vatnet medan du får behandling av Unni eller meg.

Etterpå kan Kalven freiste med eit forfriskande bad i Lemonsjøen eller ei treningsrunde i apparata frå TV-innspelinga Energikampen på NRK Super som hadde Lemonsjøen som arena.

Om det er den framifrå kaffien som er utløysande er uvisst, men nye idear veks stadig fram kring den tre år unge kaffebaren i dei eldgamle omgjevnadane. Anne-Mari er klar til å utvikle Kalven Seter enno meir og lage eit breiare tilbod av same høge kvalitet. Servering av vin og ost kan du gle deg til i nær framtid.

ELDORADO FOR BARNEFAMILIAR. Som innflyttar i Vågå vart Anne-Mari barselspermisjonen kjend med mange nye menneske.

Småbarnskaféen på frivilligsentralen er ein fantastisk samlingsplass og trillegruppa eit fint vis å gjere seg kjent med Vågå på. Vi oppdaga nye perlar i bygda kvar veke.

Å få barnehageplass er null problem i Vågå.

Med to kommunale og to private barnehagar er det eit suverent tilbod i bygda. Her kan du velje mellom musikkbarnehage, natur- og gardsbarnehage og eit par tradisjonelle barnehagar med kompetente tilsette i eventyrleg nærmiljø. Vi har støtt fått plass der vi har ynskja.

 

Kvar bur du?

– På garden Kviten på Tessand, noko som lenge var ein draum. Kvar gong vi kjørte opp fjellvegen, såg eg ned på garden. Garden ligg på ein topp med fin utsikt utover Vågåvatnet, fritt og godt plassert med turmoglegheiter rett utanfor døra.

Kva slags kvalitetar sett du mest pris på i Vågå?
Naturen og folka. Det at vi berre er snaut 4000 innbyggjarar i Vågå gjer at det er så oversikteleg her.

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

Ho er ikkje hemmeleg og mange brukar ho, men benken på sørveggen ved Kalven seter er mi perle. Eg går ofte ein skitur før eg opnar kaffebaren. Da skundar eg meg heim for å få benken litt for meg sjølv før gjestane mine kjem. Her er det lunt, godt og nær kaffemaskina!

Kva diggar du mest med Vågå?

Det å kunne ha fjella heilt for seg sjølv!