Renessanseguten

Bilmekanikar, rockestjerne, IT-hovud, hipster eller moderne bonde? 24 år unge Jehans Jr Storvik har mange talent å dyrke og det viktigste livsvalet bak seg: Fløtte til vakre Vågå.

Dagleg leiar, einaste tilsette og min eigen herre, presenterar Jehans Jr Storvik seg.

Som yngstemann i ein søskenflokk på fire brør har Jehans fløtt heim etter urbane år med utdanning innan webutvikling. Vel heime i Vågå har han gjort som så mange har snakka om: Hausta fruktene av at yrket hans er trådlaust og starta si eiga IT-bedrift. JEIT eller Jehans IT om du må ha det inn med teskei tek på seg alt innan webutvikling, digital marknadsføring og app-programmering.

Målet mitt er å gjere kundane mine så synlege på nett og sosiale medier at dei lurer på kva som traff dei.

 

MULTITALENT. La deg likevel ikkje lure hipstersveisen, avansert nettbrett og dei urbane referansane Jehans sin største lidenskap er bil.

– Etter at eg fløtte heim er det i garasjen på heimgarden eg har hatt tilhald dei fleste av mine vakne timar.

Når Jehans ikkje står på hovudet i ein motor eller deltek på billøp av typa drifting, drøymer bondesønen med personleg årsrekord på 100 døgn World of Warcraft-speling om å utvikle eit moderne gardsliv:

Innandørs økologisk dyrking av grønsaker er noko eg brenn for. Eg sår frøa og datamaskina styrer resten. Eg kan gå med kaffikoppen i handa å sjå den stuttreiste maten gro, og innandørs nyttar du 95% mindre vatn enn ute.

Men om ideen er framtidsretta, kan det godt vere at dei mange talenta til Tessand sitt unge rennessansemenneske gjer at han landar ei karriere på heilt anna hald.

Vi får sjå på tre år da veit du, kva det blir av meg. Kanskje er det rockestjerne eg til slutt endar opp som, ler Jehans.

{

Målet mitt er å gjere kundane mine så synlege på nett og sosiale medier at dei lurer på kva som traff dei

FRI SOM JEITA. Den unge bygdeoriginalen med dei mange interessene har levd eit omflakkande liv før han fann roa i Vågå. I snitt har han flytta ein gong kvart år sidan han var 16. Saknet etter stillheita, valfridomen og det rolege bygdelivet, gjorde at Jehans flytta til dalføret ved foten av Jotunheimen.

Eg vil ha moglegheit til sjølv å velje om eg ynskjer å møte ein haug med folk eller om eg vil vere åleine når eg går ut døra i huset mitt. Det valet hadde eg ikkje når eg budde i byen. Då var det murveggen på andre sida av vegen, osen av eksos og stressa folk som skulle rekke noko, som slo i mot meg.

I dag føler Jehans seg fri som, vel, ei JEIT når han går ut døra heime.

Berre det å sette seg i bilen å reise på arbeid er fredleg og vakkert. Alt i Vågå har sin eigen sjarm, karisma og skjønnheit på sin heilt spesielle måte.

– Du er ikkje ironisk no?

– Eg finns ikkje ironisk, slikt høyrer 90-talet til. Her på bygda lever vi i den nye inderlegheita!

 

Kvar bur du?

Tessand på beste Vågå Vest. Her er det fint å bu. Dalen er stor og open og plasseringa sentral. Garden ligg midt mellom Vågå, Lom og alpinanlegget på Lemonsjøen.

 

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

Tessfaret! Eit naturskapt amfi med badekulp i elveløpet som drenerer ut i Vågåvatnet ved Tessand.

 

Kva diggar du med Vågå?

Det er så vakkert her!