Fyrverkeriet

Daglig leiar, verv høgt og lågt, kulturengasjement, danselærer, slalåmkøyrar og mor til tre vaksne karar som roter som småunger – Kjærsti Gangsø er den fyrste til å brette opp ermene når Vågå tek i eit tak.

Kjærsti er sprudlande på viset som gjer deg glad sjølv på ein dårleg dag. Ho trakka sine barneår i Bodø, men flytte sørover og i 2001 landa Kjærsti, mannen Tor Arne og sønene deira frå Oslo til Vågå.

Vi hadde støtt vore samde om at vi ein dag skulle ut av Oslo. At valet fall på Vågå var litt tilfeldig. Vi såg etter ein stad med kulde.

Kjærsti var lei av kystklima. Nå ville ho ha VINTER – og fekk det til gangs.

 

SJEFEN. Som dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon tok Kjærsti med seg to tilsette på flyttelasset til Vågå.

I dag har Kjærsti åtte tilsette under seg. Omsetnaden er dobla etter at ho fekk organisasjonen til tradisjonsbygda #1.

{

Sentrumskjerna i Vågåmo er Skomakargata i levande live

VERV DEG. Som ny i Vågå vart Kjærsti leder i FAU på barneskulen. Eit tema var trygg skuleveg for ungane i bygda.

Dette forsto eg lite av. Som mor til skulebarn på Nordstrand, var det befriande å sende ungane av garde på skulen her.

At sykkelen måtte stå heime til dei hadde klart sykkelprøva i 5. klasse, var minstemann lite oppteken av. Han vart ofte ferska av naboen som var rektor på skulen.

Kjærsti har og leia idrettslaget i sju år og spel- og dansarlaget i tre år.

Friviljugheit pregar eit lokalsamfunn som Vågå. Det er viktig å stille opp i lag og organisasjonar. Du lærer så mykje av det, seier Kjærsti.

Engasjementet har gått i arv: I dag bur to av dei vaksne sonene hennar i bygda – den eine er i verdstoppen som frikjørar på ski, den andre er primus motor for Vågå Freeride og Trollhøe Høkkers, spydspissar for det unikt trivelege og gode skimiljøet på Lemonsjøen. Så får det heller vere at Kjærsti må sope unna litt rot i heimen.

 

SKOMAKARGATA. Kjærsti er særs glad i sentrum i Vågåmo og brukar det mykje.

Går eg gjennom sentrumskjerna, så blir eg rett og slett skikkeleg glad. Både hus og omgjevnadene er sjeldant vakre, og folk er flinke til å pynte i glasa og utanfor husa sine. Spesielt om vinteren og i adventstida. Da heng snøen i dei opplyste juletrea som står langs vegen, og julestjerner pryder vindaugene. Sentrumskjerna i Vågåmo er Skomakargata i levande live.    

 

EASY LIVING. Tryggheita i å kjenne naboen set Kjærsti høgt.

Er det noko eg skulle hatt fiksa på i huset, ringer eg berre etter ein handverkar og gjev han koda til nøkkelboksen. Han låser seg inn, fisker litt her og der, og eg kjem heim att til eit ferdig fiksa hus. Easy living i praksis!

 

Kva slags kvalitetar sett du mest pris på i Vågå?

Det oversiktlege samfunnet og den samansette befolkninga. Den skaper friksjon og du blir tvungen til å vere saman med mennesker som ikkje er kliss lik deg sjølv. I Vågå går generasjonane om kvarandre – og veks på det.

 

Kvar bur du?

Eg bur på flata i sentrum. Her trivst eg godt med å kunne gå til alle tilbod.

 

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?

Familieløypa på Lemonsjøen. Eg stoppar alltid på den lange flata før ho bikkar ned att mot alpinanlegget og ser utover Lemonsjøen. Her drøymer eg om å byggje ein kafé i glas.

 

Kva diggar du mest med Vågå?

Folka som bur her!